Fakta om Voss herad

Voss har status som regionsenter i Vestland fylke og er eit knutepunkt for eit større geografisk område. Kommunen grenser i nord til Vik, i øst mot Aurland og Ulvik, i sør mot Ullensvang og Kvam og i vest mot Vaksdal. Per 3. kvartal 2020 har Voss herad 15791 innbyggjarar og er med sine 2041 kvadratkilometer ein av dei største kommunane i Vestland fylke. Kommunesenteret er tettstaden Vossevangen med 6 828 innbyggjarar. Her finst også fleire utdanningsinstitusjonar.

Voss er ein kommune i vekst og står framfor ei omfattande utvikling i åra som kjem. Det skal byggjast mange nye bustader og leggjast til rette for ein betydeleg vekst i talet på bedrifter og arbeidsplassar.

Vossevangen er eit trafikknutepunkt for veg og jernbane. Voss ligg sentralt i forhold til Bergen og fleire destinasjonar på Vestlandet. Stamvegen E16 ligg nær bygdesentrum og gir enkel tilkomst aust-vest. I austleg retning kan ein velje E 16 over Filefjell, rv 52 over Hemsedal, rv 7 over Hardangervidda eller fv 50 Hol-Aurland. I sørleg retning er rv 13 kobla til E 134 over Haukeli.

Per i dag er reisetid til Bergen med tog ca. 1 t 15 min, med bil om lag 1 t 35 min. I kjølvatnet av at regjeringa i desember 2015 vedtok å gå inn for å byggje ny jernbanetrasé og ny E 16 (K5-alternativet) mellom Voss og Bergen, vil reisetida bli redusert med ca. 40 % på veg og 60 % med tog. Reisetida med tog reduserast dermed til 35 minutter, som kan føre til at Voss fell inn under begrepet forstad. Ein realisering av Ringeriksbanen vil redusera reisetida frå Voss til Oslo til 3,5 timer.

Voss har eit rikt og variert næringsliv med landbruk, handelsbedrifter, matvareproduksjon, entreprenørar, verkstadindustri og reiselivsbedrifter. Næringslivet er spreidd over store delar av kommunen med en hovudvekt i sentrale strøk langs jernbane og hovudvegar. Vossevangen kan by på butikkar av dei fleste kategoriar, spisestader, hotell, helsetilbod, kulturopplevingar og diverse tenesteytande næringar. Aust for sentrum ligg handelshus/kjøpesenter og næringsklynger i Skulestadmo, Palmafossen og Voss næringspark Istad. 

Voss har mange naturressursar, mellom anna skog. Voss er den største skogkommunen i fylket og kan tilby kortreist trevirke til industriell produksjon.

I samanheng med utbygging av kollektivknutepunktet rundt togstasjonen, er det bygget ny gondolbane med direkte adkomst til alpinområdet Bavallen/Voss Resort. Ved knutepunktet er det også bygd eit nytt hotell, bussterminal, eit større næringskompleks med samlokalisering av turistinformasjon samt lokaler for framståande bedrifter og gründere.

Voss er ein populær turistdestinasjon kjend for eit omfattande tilbod av friluftsaktivitetar, både organiserte og uorganiserte for utøvarar på alle ferdigheitsnivå. Her finn ein mellom anna godt tilrettelagte alternativ for all skisport med to alpinresortar, eitt ski- og tursenter og enkel tilgang til fjellet med mange turløyper som kan nyttast både sommar og vinter. Elles byr kommunen på svært gode fiske- og jaktmoglegheiter.

Voss har eit rikt kulturliv og er kvart år vertskap for fleire store arrangement, både faste og andre. Faste arrangement er Ekstremsportveko, verdas største arrangement for ekstremsport, Voss Cup, Noreg si største fotballturnering for spelarar opp til 12 år, Vossa Jazz og Osafestivalen.

Voss har mange hytter knytta til skisentrene som auker folketalet i helger og ferier, og gjer eit godt inntektsgrunnlag for næringslivet.

Snakk med oss

Uttrågata 9
Man-fre: 09-15.30
Telefon 952 62 066 / 56 52 13 29
post@vosseigedom.no

Skriv til oss

Postboks 145
5701 Voss

post@vosseigedom.no

Besøk oss

Uttrågata 9
Man-fre: 09-15.30