Om næringsparken

Fakta:

  • Eies av Voss kommune
  • Forvaltast av Voss Eigedom AS
  • Ferdig regulert område
  • Svært god og sentral plassering på Vestlandet
  • Ligg i ein av Vestlandet sine mest attraktive regionar
  • Effektive logistikkløysningar
  • Store areal – fleksible på val av storleik
  • Tilrettelagt med infrastruktur
  • Konkurransedyktige prisar

Etablering av Voss Næringspark Istad er eit ledd i Voss kommune si satsing på å leggja til rette for auka næringsverksemd i kommunen. Det er tilbod om gode og fleksible tomter med storleik tilpassa den enkelte verksemd. Store ressursar vert lagt ned for at næringsparken skal vera eit attraktivt område både for arbeidstakarar og besøkande.

Næringsparken forvaltast av eigedomsselskapet Voss Eigedom AS. Selskapet er eigd av Voss kommune og er kommunens samarbeidspartner og pådrivar for utvikling og sal av nye strategiske utbyggingsområder for næring og bustader. Selskapet står føre framføring av all nødvendig infrastruktur i området frem til tomtegrensene og opparbeiding av tomtene etter avtale.

Ledig areal

Per mai 2018 er det ca. 300 daa ledig areal. Ca. 271 daa er seld til 33 bedrifter og organisasjonar. Verksemdene er fordelt på fleire bransjar, som entreprenørar, byggmeisterfirma, teknologibedrifter, VVS-firma, transportselskap, engros daglegvare, produksjon av trevarer m.fl.

Vi har for tida ca. 7 daa opparbeida og byggeklart areal.

Lokalisering

Næringsparken ligger i eit relativt flatt område på nordsida av riksveg 13 mellom Voss og Granvin om lag 250 m.o.h.  Nærområdet består i hovudsak av kulturlandskap og nokre bustadeigedomar. Omgjevnadane byr på mange naturkvalitetar og blir m. a. brukt til turområde, orienteringsløp, og treningsområde for hundesport. Aust for næringsparken ligg idylliske Moensvatnet med campingplass, bade- og fiskemoglegheiter.

Frå næringsparken er det gode vegsamband aust-vest og nord-sør. Avstand til tettstaden Vossevangen er ca. 10 km. Her finn ein eit rikt utval av butikkar, bevertningsstader, hotell samt offentlege og private tenestetilbod.

Avstandar:

  • Granvin – 15 km.
  • Hardangerbrua/riksveg 7 – 22 km.
  • Bergen sentrum – 112 km.
  • Bergen Lufthavn, Flesland – 110 km.

Tomtekjøpere Voss Næringspark Istad

  • HAUGEN EIENDOMSSELSKAP AS
  • ENCON EIGEDOM AS
  • VOSS TRANSPORTSERVICE EIENDOM AS
  • BYGDIS AS
  • TERON AS
  • EKEHAUG MASKIN AS
  • DALSMOEN 29 AS
  • FØRDE TRANSPORT ANS
  • KVEIK AS
  • LIRHUS EIGEDOM AS
  • HORDALAND GROUP AS
  • SPILDE ENTREPRENØR AS
  • HARDANGER RØRMONTERING AS
  • BYGGMESTER ATLE SLETTEMARK
  • VESTLANDSHUS VOSS AS
  • LILLETVEDT TRANSPORT AS
  • VOSS BILHJELP AS
  • BYGGMEISTERFIRMA MØEN & SAUE AS
  • HEMRE BYGG AS
  • TVERBERG EIENDOMSSELSKAP AS
  • VOSS MØBEL OG TREVAREVERKSTAD AS
  • STIAN RINGHEIM
  • KØYRETØY HISTORISK KLUBB VOSS
  • AGLEDAL MASKIN AS
  • LILLETVEDT EIGEDOM AS
  • GEIR AGLEDAL
  • STÅLE BAKKETUN
  • SKUTLE BETONG AS
  • HIRTH HIMLE OG ØVSTHUS INVEST AS
  • VOSS KOMMUNE
  • JOHNSTAD MASKIN AS
  • FLAGE UTLEIGE AS
  • BULKEN EIGEDOM AS

Snakk med oss

Uttrågata 9
Man-fre: 09-15.30
Telefon 952 62 066 / 56 52 13 29
post@vosseigedom.no

Skriv til oss

Postboks 145
5701 Voss

post@vosseigedom.no

Besøk oss

Uttrågata 9
Man-fre: 09-15.30