Reguleringsplan

Områdereguleringsplanen for Voss Næringspark, Istad legg til rette for utvikling av området med opparbeiding av hovudvegar og nødvendig infrastruktur. Det er fokus på å betre kvalitetane i området gjennom ei differensiert utbygging med ulike føremål og krav til skjerming.

Planområdet utgjer 640 daa brutto. Netto næringsareal utan areal knytt til infrastruktur og 6 bustadeigedomar utgjer 572 daa. Planen er inndelt i 2 delområde med næringsformål, 8 delområde med forretning/kontor/industri og 1 delområde med næring/forretning/tenesteyting. I tillegg er det sett av område til vatn/avløp, telekommunikasjon og vegformål. Planen har omsynssoner for frisikt, bevaring av kulturmiljø og friluftsliv.

Beskriving av delområde:

Delområde 1 er lokalisert ved den vestlege innkøyringa til Næringsparken, nær eksisterande butikkar, og er opna for næring, forretning og tenesteyting. Området er vurdert som særskild eigna for etablering av bensinstasjon, kvileplass for trailerar, kro, overnattingsmogelegheiter og biobrenselsanlegg.

Delområde 1

Delområde 2 til 9 er avsett til forretning, kontor og industri. Her er det opna for etablering av mellom anna plasskrevjande verksemder, handel med plasskrevjande varer, produksjonsverksemder, små verksemder innan IT, elektroverksemder, røyrleggjar, mekanisk verksemd, næringsmiddel og transportverksemder. Saman med verksemdene kan det lokaliserast tilhøyrande kontor, administrasjon og service. I delområde 2, 3 og 4 som ligg mest eksponert til, skal ein legge større vekt på utforming og krav til skjerming av utandørs lagringsplassar. Krava til utandørslagring og skjerming vert gradvis mindre strenge for delfelta lenger vekk frå riksvegen.

Delområde 2-9

Delområde 10 og 11 er avsett til reine næringsføremål. Her kan ulike plasskrevjande verksemder etablerast, men ikkje forretningsverksemder som driv med handel med plasskrevjande varer. I dette området er det ynskjeleg, men ingen spesifikke krav til skjerming av utandørs lagringsplassar.

Delområde 10-11

Vegane er lagt slik at det blir enkelt å laga stikkvegar inn til tomtene. Tomteparsellane er fleksible slik at dei kan tilpassast arealbehovet til dei ulike verksemdene.

Det skal etablerast grøne vegetasjonsbelte/allear langs hovudvegane gjennom heile området, for å gjera området meir tiltalande, hindra innsyn og skape struktur i området. Ein vil og hindre at området framstår med store grå flater. Det skal nyttast stadeigen vegetasjon eller planter oppført i ein eigen plantemeny som er vedlagt planen.

I reguleringsføresegnene er det sett krav til dokumentasjon som til dømes utomhusplan som skal vise plassering av bygningane, avkøyring, parkering, koter på terreng og på tilgrensande areal, vegetasjonsbelte/tilplanting, lyssetjing, skilting og avfallshandtering. I planen er det sett krav om at alle tomtene skal etablere eit 2 meter breitt vegetasjonsbelte mellom veg og utnytta areal.

Opparbeiding av Infrastruktur:

Opparbeiding av infrastruktur* i næringsparken er inndelt i 4 byggetrinn. Trinn 1 og 2 er ferdigstilt. Traséane er merka med gult på kartet. Trinn 3 (merka med grønt) er under planlegging og er forventa ferdigstilt i løpet av 1. halvår 2019.  Trinn 4 er merka med rødt og er forventa ferdigstilt i løpet av 2020-2021.

*veg, vann, avløp, elektrisk, telefoni, breiband/fiber

Snakk med oss

Uttrågata 9
Man-fre: 09-15.30
Telefon 952 62 066 / 56 52 13 29
post@vosseigedom.no

Skriv til oss

Postboks 145
5701 Voss

post@vosseigedom.no

Besøk oss

Uttrågata 9
Man-fre: 09-15.30