Fakta om Voss kommune

Voss har status som regionsenter i Hordaland og er eit knutepunkt for eit større geografisk område. Voss kommune grensar i nord grensar til Vik, i aust mot Aurland og Ulvik, i sør mot Granvin og Kvam og i vest mot Vaksdal. Per desember 2017 har kommunen om lag 14 500 innbyggjarar og er med sine 1815 kvadratkilometer den største kommunen i Hordaland. Kommunesenteret er tettstaden Vossevangen med om lag 6200 innbyggjarar. Her finst også ei rekkje utdanningsinstitusjonar.

Voss er ein kommune i vekst og står framfor ei omfattande utvikling i åra som kjem. Det skal byggjast mange nye bustader og leggjast til rette for ein betydeleg vekst i talet på bedrifter og arbeidsplassar. Frå 1. januar 2020 skal Voss kommune slås saman med Granvin herad som inneber at arealet aukar til om lag 2108 km2 og innbyggjartalet aukar til ca. 15600.

Vossevangen er eit trafikknutepunkt for veg og jernbane. Voss ligg sentralt i forhold til Bergen og fleire destinasjonar på Vestlandet. Stamvegen E16 ligg nær bygdesentrum og gir enkel tilkomst aust-vest. Per i dag er reisetid til Bergen med tog ca. 1 t 15 min, med bil om lag 1 t 35 min. I kjølvatnet av at regjeringa i desember 2015 vedtok å gå inn for å byggje ny jernbanetrasé og ny E 16 (K5-alternativet) mellom Voss og Bergen, vil reisetida bli redusert med ca. 40 % på veg og 60 % med tog.

Voss har eit rikt og variert næringsliv med landbruk, handelsbedrifter, matvareproduksjon, entreprenørar, verkstadindustri og reiselivsbedrifter. Næringslivet er spreidd over store delar av kommunen med en hovudvekt i sentrale strøk langs jernbane og hovudvegar. Vossevangen kan by på butikkar av dei fleste kategoriar, spisestader, hotell, helsetilbod, kulturopplevingar og diverse tenesteytande næringar. Aust for sentrum ligg handelshus/kjøpesenter og næringsklynger i Skulestadmo, Palmafossen og Voss næringspark Istad.

I samanheng med utbygging av kollektivknutepunktet rundt togstasjonen, skal det byggjast ny gondolbane med direkte tilkomst til alpinområdet Bavallen/Voss Resort. Ved knutepunktet skal det også byggjast eit nytt hotell, bussterminal, eit større næringskompleks med samlokalisering av turistinformasjon samt lokaler for framståande bedrifter og grûndere.

Voss er ein populær turistdestinasjon kjend for eit omfattande tilbod av friluftsaktivitetar, både organiserte og uorganiserte for utøvarar på alle ferdigheitsnivå. Her finn ein mellom anna godt tilrettelagte alternativ for all skisport med to alpinresortar, eitt ski- og tursenter og enkel tilgang til fjellet med mange turløyper som kan nyttast både sommar og vinter. Elles byr kommunen på svært gode fiske- og jaktmoglegheiter.

Voss har eit rikt kulturliv og er kvart år vertskap for fleire store arrangement, både faste og andre. Faste arrangement er Ekstremsportveko, verdas største arrangement for ekstremsport, Voss Cup, Noreg si største fotballturnering for spelarar opp til 12 år, Vossa Jazz og Osafestivalen.

Snakk med oss

Uttrågata 9
Man-fre: 09-15.30
Telefon 952 62 066 / 56 52 13 29
post@vosseigedom.no

Skriv til oss

Postboks 145
5701 Voss

post@vosseigedom.no

Besøk oss

Uttrågata 9
Man-fre: 09-15.30